← Alle hendingar

Anna

MIN kulturverndag

Plakat for MIN kulturverndag

<strong>Sunnhordland museum inviterar til MIN kulturverndag på Sunnhordlandstunet! Arrangementet er gratis og ope for alle!</strong> Gjennom utstillingar, demonstrasjoner og praktiske aktivitetar ønskjer me å samla folk i alle aldrar til kunnskapsutveksling om byggetradisjoner og handverk frå ulike kulturar. Årets tema er <strong>mønster og kulturarv i fare.</strong> Besøkande kan mellom anna prøva seg på spikking, bygging av laft og handarbeid. Gjennom aktivitetar, samtalar og samarbeid i verkstadane legg me til rette for møte mellom menneske med ulik bakgrunn og erfaring. Sunnhordland er prega av eit rikt kulturelt mangfald, og denne dagen ønskjer me å løfta fram korleis kunnskap om byggeskikker, handverk, mat og tradisjonar kan delast på tvers av kulturar og generasjonar. <strong>Samarbeidspartnarar:</strong> IKK Stord, Stord husflidslag og HVL <img class="size-medium wp-image-2297 aligncenter" src="https://sunnhordland.museum.no/wp-content/uploads/2026/08/545143715_1337456371719098_7779271007209153275_n-225x300.jpg" alt="" width="225" height="300" />